onsdag 19. mars 2008

Tenkjande tanker, og kjensler som saknar deg..



Det er påske, eg tenkjer, heng med Kristine, skriv blogg, heng på facebook og msn. Joggar, jobbar, søv, tenkjer, og er rastlaus.

Dette er altso mitt liv denne påska, ingen påskekylling eller skigåing på meg.


Eg har ikkje vore so flink med å oppdatere i det siste, so tenkte eg skulle skriva litt. Men kva skal ein skrive om?


Framtida, kva skjer til hausten? Ja om kjære meg berre kunne vite det. Vanskelig å seie, vanskelig å meine og vanskelig å leve. Men det å puste er inga hindring er det vel?


Eg tenkjer, eg trur eg har fast stilling i det å tenkje på alt mogleg, eg blir galen. Eller som eg seier: Eg er gal, eg blir snart berre enda meir gal.


Men for tida handlar vel tankane mine mest om ein person, han er søt, eg likar han, tihi:). Meir om det skal me ikkje skriva her.


Tida går faretruande fort til eksamen, eg gruar meg, eg må lese, eg må kunne. Eg blir stressa av tanken av å stå ovanfor ein sensor å fortelje om eit eller anna tema i kjemi, eller eit av dei andre faga eg har, skrekk og gru, redselen kjem. Men eg skal vera flink.

5 kommentarer:

jeanette sa...

Eg trur Silje Beate er forelska!

"Kjærligheten er tålmodig, kjærligheten er velvillig, den misunner ikke, skryter ikke, er ikke hovmodig.... Kjærligheten utholder alt, tror alt, håper alt, tåler alt."

PS: to på Frogner savner ei på Bislett..

Hanne sa...

Så pen du er, Silje Beate!! :D

Unknown sa...

Ja, nice pics Miss! bra med oppdatering!;)who is your prince?

Unknown sa...

Ja, nice pics Miss! bra med oppdatering!;)

Henriette sa...

Lenge siden jeg har hørt fra deg nå berta. Håper det går bra, og at du ikke sliter deg for mye ut på lekselesinga. Men kjenner følelsen, eksamen nærmer seg med stormskritt...