søndag 17. februar 2008

Eg er våken..



I skrivane stund,er det tankane som tek over. Eg har tenkt mykje dei to siste vekene, nesten litt for mykje kan ein vel seie.Ting har hendt og ting har ikkje hendt. Eg har vel eigentleg berre prøvd å grave meg ned i skulearbeid for å berre kunne komme meg vekk litt frå alt eg har å tenkje på. Men det fekk meg vel til å tenkje enda meir enn eg gjorde frå før av på slutten. Eg seiar ikkje at det ikkje er sundt å tenkje. Men eg tenkjer jo vel litt i det meste laget,men sånn er jo det berre av og til...

Nokon merklege ting har ogso hendt i det siste,som til dømes på fredag. Eg var på skulen,hadde sitte å lese for det meste heile dagen.
Men den dagen hadde eg ogso tenkt veldig mykje,og det var ogso saker og ting som gjore at eg var lei meg.
Eg gjekk inn på skulen sitt datarom,der satt det eit menneske. Eg prøvde so smile so fint eg kunne,for sjølv om eg var lei meg ville eg ikkje la det gå ut over andre. Etter ei stund kommenterar personen at ho/han satte pris på at eg smilte når eg kom inn.Og kommenterte at eg hadde eit pent smil. Eg og personen prata i veg om både det eine og det andre. Den personen gjore dagen min bedre og var dagens reddande engel. Tenk over,det er ikkje alltid det er so mykje som skal til.

Denne veka som kjem har eg vinterferie eller som Sonans likar å kalle det for: Studieveke. Denne veka skal eg bruk til å jobbe med skule, pluss at eg ogso skal jobbe nokre dagar. Ikkje akkurat ferie,men det er slik det må vere av og til.

Men det blir konge det:)

2 kommentarer:

Henriette sa...

ååå du er søt og god Silje. Utrolig hvor lite som skal til for å redde en ellers så dritt dag. Skulle ikke forundre meg om du reddet dagen til den personen bare ved å smile:-)

Tissemaur sa...

Den personen redda min dag..